søndag 21. februar 2010

Voi og kysten

Ja, då var me tilbake i Nairobi igjen, etter ei veke på Voi og ei på Msambweni i Mombasa. Her har me hatt undervisning med vår kjære Gideon i profeten Elias, og me har sett litt på arbeidet blant muslimane på kysten. Her er litt bileter frå eit kjekt, men varmt opphald på kysten.

Voi:




Nazareth - huset der jentene budde.


Oddbjørg og Renate i stova i Nazareth ein varm ettermiddag. Godt utrusta med vifte.



Då me fekk omvisning og eg spurte om lov til å smake desse appelsinene, viste det seg å vere mandariner!! Å du, det var fantastisk godt! Då merka eg at julastemningen eg nesten aldri fekk, kom snikande...:)
- og ja, eg veit det er to månadar sidan jul. Men likevel - det var godt:)




Tru det eller ei, men eg fekk med meg gjengen på ligretto! Etter snart 4 månadar med nøling, fant me ut at kortspel er kjekt!




Me har vore med på matlaging og rydding av kjøkken og matsal. Nå har me i oppgave å føre chapati og samosa til Norge! Bler spennande.
Her er Oddbjørg og Kristine godt i gang med oppvask av nokre svært skitne gryter:)



Renate forbereder middagen...



Nokon tok seg ein ettermiddagstur til ein fjelltopp.
Posing av Jostein, Oddbjørg og John André som er beinklare.



Herleg tur:)



... Med god utsikt.



Alan, guiden vår, i spissen - på veg ned igjen.



På Voi har dei óg ein eigen radiostasjon - Sifa. Her er me direkte på lufta.
Fredag 12. februar, laga me eit eige radioprogram. Då moderniserte me historia om Elias på Karmelfjellet. Den gongen han hadde utfordra ba'al profetane til å be om ild frå Gud. Eg anbefaler sterkt å finne fram bibelen og slå opp i 1. Kongebok, kapittel 18, og lese denne historia. Blir det at me legg ut programmet vårt på nett, hadde det vore kjekt om de visste litt om kva me eigentleg snakker om:)

Veke 2 - kysten
Msambweni:

Viss du trur at veka på kysten handla om sol og bading, tar du desverre feil. Men me fekk heldigvis oppleva litt av det indiske hav. Kulturen her i Afrika er litt annleis enn heime, så ved bading hadde me shorts og tskjorte. Men så lenge me fekk bade litt, var det heilt greit. Elles så var det varmt! Enkelte sov med våte håndkle om natta, og eg sov faktisk utan noko over meg (som laken eller dyne), for første gong i mitt 21- (faktisk)-årige liv. Og sjølv om madrassa var tynn og me kjente plankane i ryggen lenge etter frukost, var det ganske koseleg å vakne til barnekor. Me budde på ein kristen skule, kor kun 4 av elevane var truande. Resten var muslimar. Her var det og 4 norske lærarstudentar og underviste elevane. Kjekt med litt norske folk i afrikanske omgivelsar. Men med kristendom i skulen og kristne ansatte lærarar, seier det berre litt om kva arbeid som blir drevet her, og kor viktig det er med forbøn. 

Her er litt bilete frå Msambweni:


Kibandaen, kor me åt alle måltid.



Romma guttane sov på.


Bibelskuleelevar i varmen!!


Vi var med ungdommane å viste Jesusfilm. Det var kjekt.





Gruppebilde på Word Of Life. Her har Turid budd og jobba i fleire år.



Guttane ville óg posa litt...



- og jentene...



Fellesbilde med kjekke folk rett før avreise fredag morgon. 
Elias, Odemu og Kaka var dei me hadde mest med denne veka her. Kjempebra folk:)



Før me forlot Mombasa, fekk me kjempegod middag sjå Turid og Janesh. 
Johannes fant donaldblad, så han var ekstra godt fornøyd.


Me fekk KOMLA, med kålrabistappa - i Afrika!! Kan tru det var godt. 

Det var nokre svært takknemlege TeFT'arar som reiste frå Momasa fredag. Me reiste til Voi for å overnatte, slik at det blei litt mindre timar for oss å køyre på lørdagen. Og me syns det bare var kjempekjekt å igjen få sove i Nazareth, på våre gamle rom. Ikkje minst så har dei utruleg god mat på tomta i Voi. Me fekk ein utruleg god kylling, ris, pommes frites, raspa gulerøtter og fruktsalat. I tillegg traff me Gideon igjen rett før avreise, lørdag. 

Til oppsummering har me hatt to flotte veker på Voi og kysten. Litt trist å tenke på at det var vår siste store tur med TeFT. Nå gjenstår bare rett over 3 veker av heile opphaldet, og så er det tilbake til kalde Norge. 
Eg har hatt det kjempebra i Kenya og Tanzania, men etter så mykje inn og ut av sekken, opplegg og folk rundt deg heile døgnet og litt savn etter ein flott norsk fjord og dal, en kommande ektemann, gode venner, familie og ikkje minst ein rød bil og ein spesiell hund - så skal det bli godt å komma heim óg:) 
Eg takkar ein god Gud som har hjelpa ei meget heimkjær til å ha det kjempefint i Afrika.

Eg vil minna dokke på det sista verset i ein god, gammal song:

Så vil ved korset eg standa,
- Med undring eg ser:
Eg er FRI!
Eg skal ikkje døy, 
eg skal leva
- Med Jesus til æveleg TID

4 kommentarer:

Ingunn sa...

å så jilt å lesa! Kjenne meg ijen i så møye!! Meg og va på den fjelltoppen,radiprogram va jo så løye.hihi. Og Gideion... fytti... eg glede meg te du komme nå alså! Og eg ska jaffal ikkje ver brems på ligreto;-)

Elisabeth sa...

Så kjekt å lesa :) Nå glede eg og meg t du komme hjem..du komme hjem før meg då, men d blir kjekt :)

rebecca sa...

Så kjekt innlegg! Bra at d står fint t !:D

Marry Annlaug sa...

Herligt! Ein sånn ein tur e så utroligt. Heilt nye opplevelsar..
Savne afrika turen min :P
Long time...