onsdag 3. februar 2010

Veke 4 - Kiabakari og Lukuba Island




Matsalen på Kiabakari bibelskule



Johannes har komt godt inn i Afrikansk kultur...


Kristine prøver seg som engelsklærar. Det var litt av ei utfordring. Her saman med Monika.


Flora og Helene


Kjersti Stensland underviser i valgfaget handarbeid. 


Til helga fekk me fri, og reiste til ei øy i Victoriasjøen. Utruleg flott, sjølv om ein type kobraslange kom seg inn i kloakksystemet i lodgen til familien Stensland. Heldigvis klarte dei ta han til slutt, og Andreas har planar om å dra med seg slangeskinn til Norge.


Idyllisk...


På båtturen tilbake, rett før avskjed med familiane Stensland og Stavnes - og ein lang busstur tilbake til Nairobi. 


Me har hatt nokre flotte veker i eit utruleg flott land, truffet mange fantastiske mennesker og blitt kjempegodt imotatt alle steder. Tusen hjarteleg takk til alle som har vore så gjestfrie og snille med oss. Spesielt familien Malmin, og Peri som har undervist oss i Arusha, Haydom og Katesh, Ben og Jesse, som underviste oss på Waama, Marit og Leif, som hadde oss med på filmvisning og som gav oss ekstra mat når gjestehuset me sov på ikkje gjorde det. I tillegg har Sindre vore med oss frå Waama til Haydom, Katesh og gjennom Serengeti og til Kiabakari. Og på Kiabakari fekk me varm omsorg frå familien Klein, familien Stavnes, Bardur og familien Stensland. Me har hatt ei festreise, som Peri sa, og har så utruleg mykje å takka for! 

Takk:)

2 kommentarer:

Ruth Olaug sa...

Så møje kjekt du har opplevd. Her hjemme går det i snø fremdeles, eg har begynt å jobba og Jørgen passer Sigrid. Eg putle litt med ein blogg eg og, se her: http://rotellnes.wordpress.com/
:)

Kristine sa...

Så kjekt at du kommentere, Ruth Olaug, å SÅ kjekt at du og he begynt å blogga:) håpe det va greit å begynna å jobba igjen, å at Jørgen kose seg med Sigrid:) eg tenke på dokke, å håpe dokke he det bra!!!