lørdag 31. oktober 2009

Første veka vår her i Kenya





TeFT jentene - på veg til Swahili kurs (tirsdag)











































Onsdag spelte me fotball med bebuarane her på tomta. Me vart reine og fine:)
Tidligare på dagen var me og i Kayole, og besøkte ei gruppe påverka av HIV og TB. Du kan lese meir om dette på andre TeFT-bloggar. Det var i alle fall et sterkt møte med befolkninga!









I går var me på skulebesøk i slummen. Det dei kallar klasserom, var små, mørke og fulle av ungar. Dei var rimelig forberedt på at me kom, og alle ropte "welcome to our school" i kor. Proppfullt av ungar under bølgeblekktaket, og ungar så blide at det var eit syn! Det hadde vore regn denne dagen, som gjor at det var veldig sorpete utføre. Ungane var spesielt opptekne av å posere framfor kameraet, for så å studera biletet etterpå. Alt i alt er det eigentleg litt rart at me faktisk var der å fekk sjå koss dei har det med eigne auge. Å for nokre flotte lærarar! Ein givande dag!!


I dag, fredag, har me vore på maasaimarked å øvd oss på pruting. Og i kveld har me arrangert fredagsklubb for ungdommane på tomta her. Me har hatt det kjempekjekt! Nå må me legga oss, for me har opplegg i mårå og. Og etter undervisninga, er planen paintball. We need some rest! Snakkes:)

2 kommentarer:

Mari sa...

så spennande :) aah... Africa, kjenne at eg må reisa der en gong.

Anonym sa...

ååååå eg misunne deg sånn!!! De hørres så jilt ud. Eg ser de for meg.. kjenne loktå og adle di glade folkå...Lykke te kristine me alt i samen:-) Tenke på deg! Og husk å hels te misjonærane då frå meg;-)