lørdag 29. august 2009

Hell i uhell...

Det er lørdag morgon. Trøtt etter jobbing og lite soving i vekevis, sett eg meg i bilen for å gjennomføre ennå ein arbeidsdag. Ikkje ett minutt for tidlig, heller litt seinare enn eg burde, kjører eg avgårde.
Sikkert er det nok at eg kjører i mine eigne tankar før eg på Dirdal plutselig må sperra opp augene. Det står ein bil av eldre modell og blinkar med nødlysa, midt i veien!! Tydelig at dette er ei ulykke! Eg kan sjå to personar utføre bilen. Er eg første mann på plassen, eller kan eg kjøre? Er alt i orden? Kjem eg forbi? Eg er jo litt i seinaste laget frå før av... Kva skal eg gjere?

- Fleire spørsmål sveiv i toppen. Ikkje nok med at eg skulle på arbeid, og kjente eg helst burde hatt fri, så kjem eg oppi noko slikt. Men heldigvis gjekk alt godt med dei to som hadde ødelagt bilen. Eg blei spurt om litt hjelp til å ringe NAF, sidan dei var frå Østlandet og ikkje visste kor dei hadde havna, stakkars! Ein telefon til jobb for å sei eg vart forsinka, gjorde at eg kunne hjelpe.

Dette paret var mildt sagt heldige! Denne ulykka kunne vore så mykje større! Dei hadde enten fått vannplaning eller sovna bak rattet då dei kom ut i ein steingard - to gonger, før dei på ett eller anna vis blei slengt slik at fronten stod motsatt vei. Passasjersida fekk støyten, og bilen såg ikkje fin ut.

I Ordspr. 3,27 står det:
"Gjer vel mot dei som treng det, nekta ikkje å hjelpa når det står i di makt!"








Eg kom fysst te plassen, å e bare så glae og takknemlige for at det gjekk godt me desse to. Tenk så møje vanskeligare det hadde vore om personane hadde blitt skadde. Må be vår Far om å ver frimodige i kvardagen! Be om at me må verkeligt gjer dette for Han, å at han må gje oss kraft te å klara einkvar situasjon!

2 kommentarer:

Mari sa...

fytti! det va ganske så sjukt! eg våkna av et brak idag tilikt! blei skikkele skjelven når eg såg ud vinduet å såg en krasja bil! heldigvis gjekk det godt med di. :D

men steingarden vår e det litt verre med...

forresten: konge at du skriv på nynorsk. nynorsk rular, sjølv om eg likar best å skrive på bokmål sjølve :)

Mari sa...

å nå fekk eg og oppleva det! bare ei vega ittepå... det e psycho! eg daue. bare at eg få sjå det grusomma krasjet framføre meg. heldigvis gjekk det veldigt godt denne gongen og :) takk Gud for det!