fredag 12. mars 2010

Me reise snart!!!



Ja, ting skjer plutseleg veldig fort. Spesielt når ein kan sei at det er under ei veke til me setter kursen mot Norge. Ganske merkelig, for me er veldig vandt med Afrika nå. Og når me i tillegg blir invitert rundt til folk i siste liten, kjenner me at me skulle hatt nokre dagar til... Men sånn er det nå, for på onsdag kveld går flyet, og me reknar med å vere på Gardermoen torsdag morgon. Då skal me tilbringe dei neste par dagane på fjellhaug, før me setter kursen heilt heim. Dei fleste TeFT'arane reiser lørdag kveld, men eg blir et døgn lenger. Må tilbringe litt tid med min kjære også. Så slik ser planane ut.

Elles denne veka, så har me hatt ansvar for barneopplegget på misjonærkonferansen. Og me fant ut at det jammen er ein del små ungar... Men til tross for at det er litt arbeid, har det gått kjempegodt. Ungane har gått kjempegodt ilag med oss, og me har hatt det kjekt saman med dei. Og til tross for mykje regn dei siste vekene, har det bare blitt betre og betre - rett og slett kjempeflott ver:) Men mange ungar har slitt med forkjølelse og sjukdom, noko som etter kvart har smitta både foreldre og TeFT'arar. Eg er ein av dei uheldige, og syns det er litt dumt nå når me går mot slutten av oppholdet her i Kenya. Men i dag vakna eg heldigvis uten feber då, og hovne mandlar skal eg nå prøve å fungere med. Me har i alle fall hatt ei kjempeflott veke, og møtene på kveldane har vore svært oppløftande og gode!

I dag er det lørdag 13.mars, og John André fyller 21 år - gutten er blitt gratulert, og me håper å få feira både han og Oddbjørg ein av desse dagane. I går var det nøyaktig 3 mnd til bryllupet, og i dag på dagen er det akkurat 13 veker til. Tida går kjempefort.

Legger ved nokre bilder frå begynnelsen av veka.


(Dette skjedde sist veke, før desse 3 reiste til Etipoia. Bardur, Signe og Stine. Humor var det i alle fall)



Ein guttegjeng som bader i ikkje så alt for varmt ver, tirsdag.




John André og David Fjølnirsson koser seg:)


Alle får felles måltid under konferansen. Veldig koselig. Jostein Holmedahl fremst.
Og faktisk så får me masse typisk norsk mat, så me forbereder oss på heim kan du sei:)


Onsdag:
Helene med 3 kjekke ungar i orphanage - plass for heimlause dyr. 
Sunniva Heen, David Fjølnirsson, Helene og Hanna Indrebø.


Silas Mjølhus i spissen:)


Leah Stensland


Hanna Indrebø:)


Sunniva Heen:)


Enda eit møte med ein apekatt... Dette var i ein litt meir koseleg setting då. Så dermed reiser eg ikkje heim med eit veldig anstrengt forhold til desse dyra (som eg likte svært godt i begynnelsen)


TeFT hadde og ansvar for ein sporlek onsdag ettermiddag. Og det var faktisk meir enn forventa som dukka opp. Her er det diskutering og planlegging i forkant av konkurransen. Det var kjekt.


I dag skal me bare ha ungane fram til klokka 14.00. Etter det reiser kanskje nokon på paintball. Eg må i alle fall prøve å bli litt betre, sånn at eg han få fullt utbytte av desse korte fire dagane me har igjen!!!

1 kommentar:

Anonym sa...

ja nå er det ikkje lenge til du setter nasen heimover, skal bli glad når eg hører at du har planta føttene dine på norske jord igjenn. ja nå gleder eg meg til du kjem heim.snakkest då klem fra mor.